Job-Informationen
Off. godkjent sjukepleiar Neue

Überblick
Auftragstyp: Vollzeit
Dauer:
Gehaltsspanne: € nach Vereinbarung - pro Monat
Vakanz des Bereichs: Medizinisch
für Spezialisten: Krankenschwestern
Eingestellt: 2024-09-28
PLZ:
Bedarf
Mindest Bildung: Hochschule
Mindesterfahrung: Weniger als 1 Jahr
Geschlecht: Macht nichts
Lebensalter: Von - Bis
Arbeitsvisum: EU-Pass
Auftragsstatus
Starten Publishing: 2024-09-28
Stop-Publishing: 2025-03-28
Freie Plätze: 1
Treffer: 55
Weitere Aktionen: Send me Resume

Arbeitgeberkontakte sind nur für autorisierte Benutzer verfügbar: Einloggen & Registrieren

Share on Google+ Friend Feed Share on Blog Linkedid MySpace Twitter Yahoo Share on Digg Share on facebook
Land: Norwegen
Bezeichnung

Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi har fokus på å støtte opp under brukar sine eigne ressursar for at dei skal kunne leve mest mogleg sjølvstendige liv.

Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring, kurs og fagdagar.

Stillinga er pr. i dag i plassert i heimetenester på Bakk-Ola-marka.

Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. Stillinga vil då gå inn i eit sjukepleiarteam. Tilsette kan få jobbe langevakter på helg og i vekene. Det kan vere med å gi fleksible friperiodar.


Arbeidsoppgåver
Sjukepleiefaglege oppgåver
Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
Veiledning og opplæring av medarbeidarar
Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
Søkjaren må vere off. godkjent sjukepleiar
Du må ha førarkort klasse B
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nytta nynorsk i all skriftleg kommuneikasjon.
Personlege eigenskapar
Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
Du trivest i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
Du er engasjert, løysingsorientert
Søkjer faglege utfordringar
Tek initiativ og ansvar
Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helg

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 GR2 - stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 - Sjukepleiar

Vi tilbyr rekrutteringstilskot med bindingstid til nytilsette.

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.

Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.




Jobs nach Stadt Sortieren nach

Jobs nach Region Sortieren nach

Stellenangebote nach Spezialitäten
Jetzt anwenden